Landevei skal vera eit enormt brett med konfekt, med bitar av alt det som opptar lesarane våre. Alle dei små og store tinga som syklistar kan kjenne seg igjen i og som får fram lysta til å sykla.
Kanskje er du blant dei som har restriksjonar på sjokoladebruken, eller kanskje er du blant dei som har restriksjonar på innkjøp av sykkelutstyr. Desse godbitane frå Grandazzi kan klassifiserast som du vil og uansett nytast. Mørk italiensk sjokolade forma som sykkelrekvisitter kan alle unna seg ein mørk kveld. For store deler av landet har me dessutan fortsatt supre forhold for bukkestyre og vind i håret. God tur og godt nytt år frå redaksjonen.
Grandazzi
http://www.pasticceriagrandazzi.com/
http://www.chokodesign.dk/cykel-rytter-saet-i-stor-gaveaeske-300-g.html
199 danske kroner.
300 gram.
58% kakao.