/ Sykler

KLIMAGLISET

Januar i Oslo. Tjuefem millimeter tysk gummi i kontakt med bar asfalt. Sykkelvogn og pappaperm. Dette er naving og klimakrise på sitt aller beste.

Sist oppdatert: 18. januar 2014 kl 14.04
GRÅGRØNT: Me furtar ikkje over den manglande fimbulvinteren.
GRÅGRØNT: Me furtar ikkje over den manglande fimbulvinteren.
Lesetid: 2 minutter

Tidleg torsdag ettermiddag, det er ei varmegrad og grøne bakkar. I Sørkedalen passerer me gretne gubbar på rulleski. Dei gnissar tenner og har panikk for Marcialonga.  Eg vindtørkar i staden tennene med eit skikkeleg glis.

Mons og eg har hatt ein stressande formiddag på leketeppet og bestemmer oss for å ta ein sykkeltur. Perfekte forhold for litt produkttesting. På med ulltrøye, -sokkar og -hals. Langbukse og jakke. Sko, hjelmlue, hjelm og hanskar. Mons får på kjøredress i ull, pelstøflar og lue.

I hengekøya bak i vogna sit Mons i dunposen. Eg skimtar store auge som ser på utsikten og høyrer litt pludring som blandar seg med fartsvinden. På toppen av første lange bakke har han sovna til den taktfaste gynginga av trakking på litt for tunge gir. Røff utveksling på landevegssykkelen må snart vika for pigg og lettare gir på sykkelkrossen. Å få sykla første landevegstur på ein av årets første dagar må likevel utnyttast og nytast.

Kaffistopp er enno viktigare om ein har med passasjerar. Far bestiller dobbel espresso, Mons inntar ein brødbit og ei flaske kroppstemperert ”latte”. Barselgruppene okkuperer kaffibarane på denne tida av døgnet, dei skular med blikk som antydar egoistisk og sjølvrealiserande pappa. Me smiler tilbake, tømmer kopp og mjølkeflaske før me salar opp igjen. Ut i pappatåka. 

Pappaperm er nemleg sjølvrealisering for ein tobarnsfar. Luksusen det er å ta seg ein kvardagstur i dagslys i januar.  Null til to grader er kanskje ikkje drømmeforhold, men mentalt er denne grå turen som fire fine sommartimar blant fjordar og fjell. For ein som er glad i å sykla er det dessutan alltid noko fint å sjå tilbake på og alltid noko fint å sjå fram mot. Snøen må gjerne koma, slapset skvetta og ungane hyla. Det å ha småungar lærer ein å setja pris på alle turar på ein ny måte. Eg prøver å ikkje gnissa tenner over turane som ikkje blir noko av, men heller glisa av dei eg får til.

Publisert 18. januar 2014 kl 14.04
Sist oppdatert 18. januar 2014 kl 14.04

Relaterte artikler

Landevei.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Knut Andreas Lone | Journalist: Henrik Alpers |

Tips oss: Send mail her!

Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen