/ Sykler

Banesår

Hogging av velodromen i Vikingskipet på Hamar i 1993 gav innandørssykling i Noreg banesår. Me bygde nemleg ein strøken parkettvelodrom til sykkel-VM i Oslo, som bokstaveleg vart pinneved for å rydda plass til OL året etter. Denne helga går NM i banesykling av stabelen - i Polen.

Sist oppdatert: 10. januar 2014 kl 00.20
FYSISKE LOVER: Sentrifugalkreftene held deg på plass oppe i den bratte furuveggen som ruvar meir enn fem meter over det lyseblå feltet.
FYSISKE LOVER: Sentrifugalkreftene held deg på plass oppe i den bratte furuveggen som ruvar meir enn fem meter over det lyseblå feltet.
Lesetid: 3 minutter

Sidan VM-velodromen vart riven har bygginga av innandørsanlegg i landet inntatt track-stand. Det har versert rykter om velodrom i Stavanger, Bergen, Oslo og Asker, men tjue år etter Oslo-VM arrangerer me altså NM i BZG arena i Polen. Seriøs banesatsing har fått mykje av æra for britisk og australsk suksess det siste tiåret, og så godt som alle dei britiske proffane har banebakgrunn.

Dei fleste er vel enige i at norsk sykling óg hadde profittert på å ha minst eit slikt anlegg, og Landevei er ikkje mindre sikre etter at me i sommar prøvde oss på velodromen i Grenchen i Sveits. Denne bana er forøvrig eit av alternativa Fabian Cancellara vurderer for det planlagte forsøket på å slå UCI-timesrekorden med «Merckx-regler» i løpet av 2014. Gjeldande rekort er 49700 m sett av Ondrej Sosenka i 2005.    

Ein velodrom som skal brukast til konkurransar er ofte 250 meter lang, heile bana er dosert for å kunne halda høg fart, ca 10-15 grader på langsidene og opp mot 50 grader i svingane. Parketten er sju meter brei, og dermed er svingane over fem meter høge. Det blir konkurrert i alt frå reine individuelle distanseløp til meir taktiske disiplinar som poengløp, Keirin og eliminiasjonsløp. 

INGEN GIR, INGEN BREMSER

Ein banesykkel har ikkje gir, ikkje frihjul og ikkje bremsar. I Grenchen fekk me utdelt ein enkel og utruleg robust aluminiums-BMC. Å setja seg på ein slik sykkel og trilla ut på parketten var ein uvant øvelse. Så lenge hjula roterer, roterer kranken. Eit premiss beina var nødt til å akseptera raskt. For etter eit par rundar på innsida av banen, det lyseblå feltet kalla «Côte d'azur», slapp eg meg opp i bana på langsida og auka farten.

Før eg hadde tenkt meg om var det for seint å sleppa seg inn igjen til den trygge kanten. Eg og sykkelen var midt oppe i veggen, men var slett ikkje sikker på om eg hadde nok fart til å halda meg oppe gjennom svingen. Med hjartet i halsen tråkka eg til og skaut ut av svingen med stor fart. Roleg tråkking var brått gjort om til ein real karuselltur. Å kasta seg ned frå toppen av svingane og ta med momentet ut på langsidene gir skikkeleg fartsfølelse, men for ein fersk banesyklist var sjølv økter på nokre få kilometer røft for beina og resten av kroppen.

Utvekslinga på 48-15 føles fint på parketten i Sveits, men det er sprøtt at baneryttarane når 60 km/t med tilsvarande utveksling. Eller for den del at Sosenka sykla timesrekorden med 54-13 og 190 mm lange krankarmar. Etter å ha prøvd dette sjølv er likevel det mest surrealistiske at me ikkje har anlegg, nasjonalt eller regionalt, for banesykling. 

Ein norsk velodrom vil bli eit samlingspunkt for norske syklistar heile året. Eit innandørsanlegg vil ta oss gjennom den kalde fine tida med svært relevant trening og i selskap med andre syklistar frå ulike greiner av sporten. Landevei ønsker lukke til i Polen, men ønsker oss NM på norsk jord så fort som mogleg. 

Følg med på NM frå Polen på http://www.sykkelnmbane.no eller på Facebook. 

Publisert 10. januar 2014 kl 00.20
Sist oppdatert 10. januar 2014 kl 00.20

Relaterte artikler

Landevei.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Knut Andreas Lone | Journalist: Henrik Alpers |

Tips oss: Send mail her!

Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen