Otto Jæger har ved sida av å etablera seg som gullstandarden for reparasjon av karbonrammer utvikla merket Jaeger Liteseat. Årets modell AllRail viser kva innovativ bruk av karbon kan resultera i.
Otto Jæger er ein av få nordmenn som sit på praktisk og teoretisk kunnskap til å handtera karbonfiber. Han la sin første duk i forbindelse med ein annan hobby, nemleg modellseglfly. Kostbare flykrasj er ikkje uvanleg, og Otto måtte læra seg å reparera vinger og skrog med duk og epoxy.
Heldigvis gjorde aukande sykkelinteresse at Otto no nyttar karbonkunnskapen på sykkelrammer og -komponentar. Han har nyleg bygd hus for å få plass til den nye karbonsmia si, og har no gjort karbonhåndverk til levebrød på fulltid.
Råstoffet står på rullar i hylla, side om side med skada sykkelrammer (foto: Tore Haslemo)
Det svarte stålet
Midt på åttitalet starta produsentar som Kestrel, Vitus og Miyata å erstatta røyrsett i stål med lette karbonrøyr. Felles skjebne for mange av desse rammene var at liminga i overgangen til metallmuffene svikta. Overgang mellom metall og karbon har vore akilleshælen til rammer og komponentar fram til i dag. Utviklinga har gått mot stadig fleire fullkarbondeler, men designtradisjonar og strikte reglar frå UCI har hindra utviklinga av karbonet.
Inntrykket er at mange ser på karbon som eit nytt metall, heller enn eit materiale med unike eigenskaper.
Skreddarsal
Den første modellen Otto Jæger jobba med (f.o.m. 2006) nytta òg ein tradisjonell kontruksjon. Ved å produsera heile salen i karbon kom totalvekta ned i 60-70 gram, noko som er 100-200 gram lettare enn mange konkurrentar. Ei låg vekt var likevel ikkje unikt, tyske småskalaprodusentar som Becker, Tune og AX-lightness hadde alt levert modellar ned i 50-100 gram i nokre år.
Fordelen til Otto var at han tilpassa setet til kvar enkelt ryttar. Ei lita dame og ein kraftig mann har behov for heilt forskjellig salar. Ein ting er at setet skal vera lett, men enno viktigare er det at komforten blir tilpassa ryttaren.
Kritikken mot mange fullkarbonsete har nettopp vore mangelen på komfort. Billegvariantane er konstruert kunnet tola all slags vold frå ein tung ryttar og blir kraftig overkonstruert. Andre ankepunkt har vore skarpe kanter som øydelegg sykkelbukser, og at desse salane er følsomme for skader ved velt og transport. Dette har ført til at ”karbonfjøl” nærmast har blitt eit skjellsord sykkelmiljøet. Ein skal ikkje pine vekt på ein viktig komponent som salen, men kva om det er den lettaste salen som er mest komfortabel?
Salproduksjonen til Otto har nemleg tatt mange steg vekk frå karbonfjøla. I 2012 kom den første modellen der skinnene var ein forlengelse av skalet. Produksjonsteknisk betyr det at ein kan produsera setet saumlaust i ein del. Skinnene gjekk ut frå det breiaste punktet bak på salen og inn igjen på sida av setespissen. Fordelen er at heile skalet fungerer som ei fjør, men ulempa er at skinnene roterer ørlite i setepinnehovudet kvar gong skalet fleksar.
Evolusjon
Årets modell er ein evolusjonsmessig generasjon vidare frå i fjor. Otto har flytta innfestinga på skinnene heilt fram i tuppen og heilt bakerst på salen, noko som opnar for nye eigenskapar. Skinnene fungerer nemleg no som 25 cm lange bladfjører i setets lengde. Det er velkjent å bruka tynne stål- eller titanrails som fjøring på ein sal, men tradisjonell konstruksjon begrenser det fjørande spennet til nokre få centimeter rundt innfestinga på setepinnen.
Den britiske tradisjonsprodusentern Brooks er kanskje dei som er nærmast konstruksjonen til Jæger med til dømes sine B15 Swallow og Team Pro modell. Desse har også skinner frå ende til ende, og baserer seg på at både læret og understellet skal bidra til støytdemping. Brooks blir av mange trekt fram som den beste salkonstruksjonen gjennom tidene, men passar ikkje alltid like godt på ein moderne sykkel med ei vekt rundt halvkiloen.
Otto produserte vårt eksemplar i runde 8 mm røyr, men har også støypeformer til å laga dei som 7 mm som vil gje meir fleks. Komfort og stivhet kan dermed byggjast inn i skinner og skal. Vingene bak på setet blir heller ikkje lenger vektbærande og kan betre tilpassa seg anatomien til ryttaren. Denne løysinga gjer også at skinnene ikkje lenger roterer i klemma på setepinnen.
Det er ikkje lenger berre Look Keo Blade og amerikanske bilar som blir leverte med bladfjører.
Me seier som Bob Hund: Nu är Det Väl Revolution På Gång? (Foto: Tore Haslemo)
Estetikk
Utsjånaden er spesiell, slik det blir når ein utfordrar tradisjonell konstruksjon. Det som skurrar visuelt er nok mest at salen virkar høg. Kanskje er det for å gi plass til fjøring og setepinnar som bygger mykje, men truleg også for å få bygd overgangane mellom overdel og understell utan skarpe vinklar. Skarpe overgangar er uheldig konstruksjonsmessig. Belastninger bør spres over eit lengre spenn, noko som òg opnar for mindre materialbruk.
AllRail tar høgde for fleire cm slaglengde, og berre med håndkraft trykkar ein ned halvparten av dette.
Høgreist
Med P6-pinnen frå Syntace er det veldig god klaring opp til skalet på AllRail, med 25-30 mm ned til hhv bolten og klemma. Enkelte konkurrentar har så liten total høgde at skalet botnar ned i setepinnen i større humpar. Her skjer ikkje det, sjølv om skalet fleksar mykje. Formspråket har vakse på oss i løpet av sesongen, etterkvart som me òg har sett stadig meir pris på funksjonen. Forma på sjølve skalet er elegant og har blitt raffinert av Otto dei siste åra.
Spalta
Skalet har litt svai, men fasongen fungerer svært godt. Det har nedsenka spalte langs midten, og blir levert i to breidder, 130 og 145 mm. Nasen er litt breiare og høgare enn mange konkurrentar, men den auka breidden i tuppen er ikkje noko problem. Skinnene og nasen gir ei behageleg form heilt utan skarpe kanter, og dette gir god føling med sykkelen om ein reiser seg.
Snuta byr som resten av salen på avrunda organiske former
Gyngehest
Utviklinga Otto har hatt som salmakar viser seg nettopp i måten AllRail briljerer med tanke på komfort. Det nye setet tar asfaltstøy og grove dumpar elegant, på ein heilt annan måte enn ein standardsal. Det gir etter, men føles likevel fast og kontant. Sjølv om det synleg fjørar skikkeleg under ryttaren kjennes ikkje dette ut som gynging.
Salen oppleves robust sjølv mot slag og skraping. Det er knapt spor i overflata etter ein sesongs bruk, og karbon er slett ikkje noko skjørt materiale. Eg vil anta at ein riv opp kunstskinnet på mange salar lenge før ein ville fått synleg skade på Jaeger-salen. Igjen vil dei runde formene ta godt imot støyt.
Langtur
Salen har blitt testa med mange ulike bukser (også småturar i sivil), noko som bekrefter at form og komfort på AllRail i alle fall fungerer topp for oss. Mange timar ute på sykkelen er ikkje noko problem. Ein kunne anta ut frå forma og den glatte overflata at dette er ein sal med kun ein sitjeposisjon. Den butte setetuppen er likevel meir komfortabel enn mange andre salar når ein aukar tempoet, og heilt bakerst finn ein seg lett til rette i lange klatringar.
Glatt
Personleg likar eg å ha litt friksjon på salen og har opplevd andre fullkarbonsete som for glatte. Tune Concorde/Becker-salen min har tidlegare fått ei stripe grip-tape over ryggen. Dette tok eg opp med Otto og han leverte toppsjikt på setet i matt klarlakk. Det har vore perfekt for ikkje å skli for mykje rundt for min del, men andre ønskjer seg ei speglblank og glatt overflate. Den matte lakken har blitt litt polert etter desse månadane, men dette er ikkje noko ein legg merke til utan å studera salen i detalj.
Innstilling av salen er greit, men ein liten knekk i skinnene hindrar at du fritt kan skli setet fritt rundt i heile lengden. Eg har festa pinnen framom knekken, men på bileta i artikkelen er Schmolke-pinnen like bak knekken. Om du har oppsett på sykkelen som fordrar ekstrem posisjon på salen anbefalar me å diskutera dette med Otto. Ein bør tenka på at så lange skinner lar deg montera salen slik at belastninga på salen kan bli ekstrem. Uansett vil ein pinne med meir eller mindre setback kunne plassera deg der du vil. Ikkje alle pinnar er like snille med karbonskinner, men ein får god hjelp til å velga eller produsert spesialvogger til favorittpinnen om det er nødvendig.
Oppsummert
Me er veldig begeistra for at nokon her i landet bidrar til utviklinga av karbonfiber. Otto Jæger har fått fram eit produkt som fungerer strålande. Alle kontaktpunkt med sykkelen fortener å bli optimalisert. Å sitja komfortabelt og unngå ubehag i hender og føter er essensielt for trivselen. Jaeger Liteseat kan vera vel verdt eit forsøk. Skreddarsaum er ikkje billeg, prisen på AllRail startar på stive 3990 kroner. Men om det i det heile finnes reelle konkurrentar (AX, Becker og Tune) kostar også dei mellom to og tre tusenlappar. Otto låner ut demoversjonar slik at du kan testa og evt vurdera stivhet og breidde før du bestemmer seg, men hugs at det fort blir å få dei første gratis dosen av det handlaga svarte stoffet.
Eit knippe av Jaeger sine salar i ulik overflate og karbonstrukur
Vekta avhenger av bruksområde og ryttervekt, men ligg rundt 80-90 gram.
Type karbonoverflate (1K,3K, UD) og lakkering (matt til høgglanspolert) etter ønske.
Logoar og/eller namn på salen etter ønske.
Rund 7 eller 8 mm skinne.
Spesialvogger til enkelte setepinnar kan leverast.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Landevei,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Fri Flyt og Jeger sine nettsider, app og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
50%
rabatt
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Landevei.no er best på sykler, sykkelkultur og sykkelopplevelser. Landevei.no er et univers fylt av lidenskap og lidelse for serpentinsvinger, brostein, sidevind og god kaffe. Er du syklist, vil du forstå.