/ Annonse

Fem vakre landevegsturar på Voss

Midt i Vestland finn du Voss, ein perfekt stad for landevegssykling. Her kan du sykle fjell og fjord og kjente ruter som «Den grøne sløyfa».

Sist oppdatert: 26. mai 2021 kl 12.37
Landeveissykkel voss
Skjerve Foto. Rapha, FjordNorway
Lesetid: 5 minutter

Vi har tatt ein prat med lokal landevegssyklist Jørund Rong, for å få dei beste tipsa til årets norgesferie på to hjul. Voss har mykje variert natur, og ein slepp unna dei lange flate og kanskje litt kjedelege turane.

Grusvegar er heller ikkje ei hindring sjølv om mange kanskje unngår dette.

Landevegsentusiasten meiner i alle fall ikkje det, han syklar mykje grus med landevegssykkel. Med litt trening, rett dekk og dekktrykk opnar dette for mange fleire turar. Her får du Jørund Rong sine favorittruter.

Fem flotte turar i Vossaområde:

  1. Tur/retur Ulvik. 3-4 timer, 85KM. Ein flott tur i fin natur, som nesten går utan trafikk. Ein har sykkelsti heilt til Holven, og turen over Ulvikahøgda er flott båe vegar. Heimtur med Skjervet er alltid ei fin oppleving.

Den grøne sløyfa. 6-7 timer, 150 KM Rundturen er ein vestlandsklassikar frå Evanger, via Teigdalen og Nesheimsfjellet og vidare gjennom Eksingedalen. Heimtur over Bergsdalen og Hamlagrø gjer runden komplett. Alternativt kan ein ta toget heim frå Dale. Fram til her er ruta også del av nasjonal sykkelveg nr. 4. Turen mellom Geitle og Evanger er trafikkutsett, elles går turen på fine småvegar med lite trafikk. NB: ein må ha ljos på sykkelen, då det er tunellar utan ljos på strekka mellom Eidslandet og Stamnes.

Landeveissykling vikafjellet
Vikafjellet Foto. Magnus Furset, Fjord Norway
  1. Tur/retur Vik. 4-5 timar 130km Vår- og sommartur over Vikafjellet med kvite vidder, og so å koma ned til grøne bakkar i Vik, er alltid ein god ting. Turen har diverre strekk med mykje trafikk, spesielt kan E16 til Vinjo vera utfordrande. Dette lyt ein ta omsyn til. Det er ein kort tunell på Vikafjellet, og ein treng ljos på sykkelen, framme og bak.

Rundturen Tjukkabygdi, Kløve, Lemme, og retur via Tøn/Ygre, Almeland eller Nedkvitne. 1-2 timar, 40 km. Ein veldig fint lokal runde. Utsikta frå Lemme er verdt turen! Runden kan syklast båe vegar, med innlagt variasjon, til dømes ein tur forbi Nesheimstunet og opp til Tvinne.

Landeveissykling vikafjellet
Nesheimstunet Foto. Magnus Furset, Fjord Norway
  1. Herresåsen rundt. 1-2 timar, ca 35km. Ein lokal kort og fin runde, med nokre flotte bakkar å klatra. Eg likar denne best frå Lid og opp over Auro og Skulte, med retur på Bordalssida. Turen har eit kortare grusparti. 

Jørund er svært aktiv i det lokale miljøet han har bl.a. bestetid opp Skjervet på 6min og 19sek, i lag med Sindre Hiorth.

Det er ei snittfart på 24 km/t. Om lag 3400 syklistar har loggført segmentet Skjervet-stigning på Strava.

Han har også sykla det som vert rekna for verda sitt hardaste amatørritt, nemleg «Haute Route», i Dolomittane i Italia og gjorde det relativt godt der.

Som den vestlendingen han er likar han best oppoverbakkane. Han fortel at han fekk nokre merkelege blikk den gongen han og ein kompis sykla opp Rallarvegen, på racersykkel.

Vestlandet og Voss kan vera utfordrande for mange, sjølv om ein har sykla mykje før.

Her må ein slite seg oppover, men når du kjem til toppen er belønninga stor. Jørund har komme med eit par ekstra tips, til kva ein bør tenke på når ein skal ut på tur og korleis han sjølv planlegg ein tur.

  1. Ein må alltid tenka på tryggleik: Dårleg asfalt, grus i ein sving, hòl i vegen, dyr som kjem i vegbana, glatt og frost på bruer og nær elvar osb. I Vestland har me mange vegar utan gul midtlinje, mange krappe svingar og mykje billistar om sommaren. Vis hensyn og vel ei anna rute om du ikkje kan halde eit visst tempo på hovudvegar.

  2. Grus som underlag er ikkje farleg. Opnar ein augo for å ta ein sykkeltur på ein stølsveg får ein plutseleg mange fleire ruter å utforske.

  3. Nødkit – Ta alltid med eit lite nødkit når du skal på langtur. Ein veit aldri når ein må fram med lappesakene eller multiverktøy.

  4. Sjekk Strava! På Strava kan du sjå kva som er dei mest populære turane, kvar lokalfolka syklar, høgdeprofil og mykje meir. Ved hjelp av GPS vert turar tilgjengeleg, og ein kan lasta ned rutene om ein vil.

  5. Spør ein (ny) venn. Landevegssyklistar er opne og opptatt av fellesskap. Har du møtt nokon på eit ritt eller likande - spør om dei vil bli med på ein tur. Jørund har sykla mange plassar i Norge med kompisar han har møtt gjennom sporten og har sjølv blitt ringt opp av folk som skal gjennom Voss og ynskjer å bli med han på ein tur når dei er i bygda.

  6. Bilistar og syklistar: del vegen, ta omsyn til kvarandre.  

Landeveissykling voss
Store Ringheim Foto. Rapha, FjordNorway

Landevegssykling er eit breitt uttrykk og det ligg mykje meir til sporten enn å hiva seg på ein sykkel. Jørund dreiv aktivt med langrenn og friidrett og byrja med sykling då han var 12, for å blir ein sterkare vinteridrettsutøvar. Han tok oppatt syklinga som vaksen og har sykla aktivt dei siste 10-12 åra.

Har du akkurat byrja med landevegssykling eller ynskjer å testa sporten vil vi anbefale å sjå på nokre turar som er litt kortare og har litt snillare terreng. BikeTheFjords har både sykkelutleige, turbeskrivingar og tilbyr guida turar på fleire nivå.

Publisert 26. mai 2021 kl 12.37
Sist oppdatert 26. mai 2021 kl 12.37

Relaterte artikler

Landevei.no utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen | Journalist: Knut Andreas Lone | Journalist: Henrik Alpers |

Tips oss: Send mail her!

Salgssjef Fri Flyt AS: Robert Robertsen

Fem vakre landevegsturar på Voss | LANDEVEI.NO